vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(15.05.2018 - Kl. 14.37)

Vil rydde meir under vatn rundt Yksnøya

Håper samarbeidspartnarar frå strandryddedagen stiller

Den vellykka ryddinga på og rundt Yksnøya laurdag 5. mai har gitt meirsmak for dei 44 medlemmene i Volda Dykkerklubb.

Etter sommarferien, laurdag 8. september, inviterer dykkarklubben til ny ryddedugnad.

Samarbeid. Leiar Margrete Apelseth vonar alle samarbeidspartnarar frå strandryddedagen vert med.

Under strandryddedagen stilte medlemmer frå Miljøpartiet Dei Grøne Volda/Ørsta, Bjørkedal Kystlag, Yksnøy Grunneigarlag og Høgskulen i Volda gjennom lina for friluftsliv og naturguide.

Med laget var også frivilligsentralane i dei to kommunane, Ørsta Røde Kors Hjelpekors og Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), som tok hand om avfallet.

Pengar frå stiftelse. Norges Dykkerforbund har fått ni millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, og dette bidraget har vore avgjerande for den innsatsen som dykkerklubbane har gjort for å rydde opp i marint avfall.

Volda Dykkerklubb vart skipa i 1995, og tilbyr medlemmene eit aktivt dykkarmiljø, luftfylling frå eigen kompressor på buda i Volda Småbåthamn på Rotset og utleige av flasker og bly.

I tillegg disponerer dykkarklubben bassenget ved Idrettsbygget i Volda ein time kvar veke.

Flotte bilete. VØR har fått høve til å publisere nokre flotte bilete som viser kva slalgs avfall dykkarar frå vårt område kan finne under vatn. Fotograf er Rolf J. Driveklepp.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender