vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(30.11.2017 - Kl. 10.01)

VØR får etablere avfallsanlegg på Melsgjerdet

Anlegget kan stå ferdig rundt årsskiftet 2019/2020

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) løyve til å etablere avfallsanlegg på det nye industriområdet på Melsgjerdet, der VØR har sikra seg 30 mål.

Det nye anlegget på Melsgjerdet, som kan stå ferdig rundt årsskiftet 2019/2020, vil avlaste dagens anlegg bak flyplassen i Hovdebygda.

Anlegget i Hovdebygda vil framleis vere mottaksanlegg for publikum, og dette gjeld alle typar avfall.

Der er det i dag for liten plass til å ta imot nye avfalls-fraksjonar.

Dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal, seier at Fylkesmannen har sett strenge vilkår for etablering på Melsgjerdet.

Løyvet er basert på eit årleg mottak av inntil 8.600 tonn hushaldnings- og næringsavfall, fordelt på fraksjonane plast, glas og metall, papir, papp og kartong, hageavfall (før kompostering), ferdig kompost, matavfall, restavfall og avløpsslam.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender