vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
Ove Myklebust frå VØR starta tysdag med utdeling av raude boksar for farleg avfall og små-elektriske artiklar. Dei første boksane vart levert til Fjortorget i Ørsta ved vaktmeister Arne Koppen.
(01.03.2018 - Kl. 09.27)

VØR har starta utdeling av raude boksar

Kvar boks er uststyrt med barnesikring

Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) starta tysdag denne veka med utdeling av raude boksar for innsamling av farleg avfall og små-elektriske artiklar.

Først ute var 18 husvære i Fjortorget i Ørsta. Innan månadsskiftet april/mai er håpet at alle dei rundt 8.500 VØR-abonnentane i Volda og Ørsta skal ha fått utdelt kvar si raud boks. Utdelinga framover vil skje vekselvis i Volda og Ørsta kommunar.

Gledeleg overrasking. -Ja, dette var ei gledeleg overrasking, sa vaktmeister Arne Koppen ved Fjortorget då Ove Myklebust frå VØR kom for å levere 18 raude boksar pluss ein brosjyre til kvar abonnent.

Arne Koppen trur at mykje av det avfallet som skal i denne boksen, tidlegare har vorte kasta i restavfallet.

Han seier at den einskilde abonnent i framtida må venje seg til å sortere stadig meir av avfallet.

-Det som skal i denne raude boksen, har ikkje noko i restavfallet å gjere, seier han.

Det reint praktiske med å ha ein slik boks i heimen, trur ikkje Arne Koppen skal by på noko problem.

-Boksen kan stå i eit kott eller på verandaen, og vil ikkje vere til ulempe, seier han.

Har barnesikring. Den raude boksen har barnesikring. Begge låsane må klemmast inn samstundes for at ein skal kunne opne boksen.

Både farleg avfall og elektrisk avfall inneheld helse- og miljøskadeleg stoff som ikkje bør hamne i restavfallet eller ute i naturen. Sjølv små mengder kan gjere stor skade.

Farleg avfall bør så langt som råd leverast i originalemballasje eller merkast med innhald. Flytande avfall må emballerast godt.

Elektriske artiklar inneheld vidare verdifulle materialar som det er om å gjere å kunne bruke opp att i nye produkt.

Innsamling. Innsamling av innhaldet i dei raude boksane vil skje på to måtar. Først og fremst ved at den einskilde abonnent tek dei med til VØR sin miljøstasjon, leverer frå seg boksen og får ein tom boks med seg heim.

Det er planlagt innsamling i løpet av året på stader rundt om i kommunane. Dette vil det kome nærare informasjon om.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender