vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(27.12.2017 - Kl. 19.35)

VØR vil samle inn farleg avfall heime hos deg

VØR delar ut raudboks til abonnentane

VØR ynskjer å få farleg avfall ut av restavfallet. Dette er bakgrunnen for at VØR i løpet av første halvår 2018 deler ut raudboks for levering av farleg avfall til sine abonnentar.

I denne boksen kan abonnentane levere mindre mengder farleg avfall som til dømes batteri, lyspærer, mobiltelefonar, røykvarslarar, sprayboksar og kjemikaliar.

I 2018 vil VØR hente inn og tømme dei ein gong, medan det vil skje to gonger i året frå og med 2019.

Det vil og verte høve for folk sjølve til å tømme boksane på miljøstasjonen.

Og på miljøstasjonen vil det sjølvsagt framleis vere høve til å levere frå seg farleg avfall.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12:00

Tømekalender