vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Om Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS


Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) driv med innsamling, sortering og vidaresending av avfall og kloakkslam for privatpersonar og næringsliv i Volda og Ørsta kommunar. Alle aktivitetene våre er konsesjonsregulert. Det betyr at alt vi gjer, frå rutinar omkring avfallshandtering til opningstider, følgjer vilkåra frå Statens Forureiningstilsyn og Fylkesmannen i Møre Romsdal. 

VØR si drift er delt i to selskap. VØR tek seg av monopoloppgåvene etter forureiningslova slik som innsamling og vidaresending av hushaldningsavfall og slam. VØR sitt heileigde dotterselskap, Retura Søre Sunnmøre AS, leverer avfallstenester til næringslivet.

Representantskap og styre


VØR er eigd av Volda og Ørsta kommunar. Etter kommunevalet kvart fjerde år, vel kommunestyra eit representantskap for VØR. Representantskapet vedtek årlege budsjett, godkjenn planar og tiltak og fører tilsyn med styret og administrasjonen sitt arbeid. Annakvart år vel representantskapet nytt styre for VØR. 

Styret vert valt for ein periode på to år om gongen og har ansvaret for å sjå til at drifta vert drive i samsvar med dei avgjerslene og retningslinjene som er fastsette av representantskapet.

Kjeldesortering


På VØR er vi opptatt av å inspirere til gjennvinning og kjeldesortering. Derfor har vi gjort ei rekke tiltak som gjer det enklare for brukarane våre å bidra til ei berekraftig avfallshandtering:

  • Hushaldningane kan velje om dei vi ha restavfall henta kvar veke eller annakvar veke. 
  • Papir, drikkekartongar, papp og plast har fast innsamling kvar tredje veke.
  • Containerar til glas- og metallemballasje samt farleg avfall er utplasserte på strategiske stedar i begge kommunane.
  • Miljøstasjonen har fleksible opningstider med langope på tysdagar og helgeope på laurdagar i sommarhalvåret.
  • Metall, papp, papir, plastfolie, hageavfall, elektrisk / elektronisk avfall og farleg avfall frå private hushaldningar er gratis å levere.
  • Fritidshus/hytteeigarar får utlevert sekkar eller avfallsdunkar som dei kan levere avfall i. Ved større hyttefelt har vi felles container.
  • Eit vennleg og løysingsorientert kundesenter som svarer på alt du måtte lure på.

Kontor og miljøstasjonen til VØR ligg praktisk plassert i Hovdebygda, midt mellom Ørsta og Volda sentrum. Vegskildringar og opningstider finn du her.





Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender