vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Personvern på nettsida


Denne personvernerklæringa gjer greie for korleis denne nettsida samlar inn og brukar informasjon om våre besøkjande. Erklæringa inneheld informasjon du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår og generell informasjon om korleis vi handsamar personopplysningar. Juridisk eigar av nettsida er ansvarleg for vår handsaming av personopplysningar. Det er frivillig for dei som besøkjer nettsidene å gi personopplysningar i samband med tenester som å ta i mot nyheitsbrev og nytte kontaktskjema. Grunnlaget for handsaming er samtykke frå den einskilde, dersom anna ikkje er spesifisert. 



1. Webanalyse og informasjonskapslar (cookies)

Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvenleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som besøkjer nettstaden. For å analysere informasjonen, bruker vi analyseverktøyet Google Analytics. Google Analytics bruker informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukaren si datamaskin), som registrerer brukaren si IP-adresse, og som gir informasjon om den einskilde brukar sine bevegelsar på nett. Eksempel på kva statistikken gir oss svar på er; kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knytte informasjon om bruken din av nettstaden til deg som einskildperson. Informasjonen som vert samla inn av Google Analytics, vert lagra på Google sine serverar i USA. Mottekne opplysningar er underlagde Google sine retningslinjer for personvern. Ei IP-adresse er definert som ei personopplysning fordi den kan sporast tilbake til ei bestemt maskinvare og dermed til ein einskildperson. Vi bruker Google Analytics si sporingskode som anonymiserer IP- adressa før informasjonen vert lagra og gjennomarbeida av Google. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa verte nytta til å identifisere den einskilde brukar. 

2. Søk
Informasjon om kva søkeord brukarane våre nyttar vert lagra i Google Analytics. Føremålet med lagringa er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Brukarmønsteret for søk vert lagra i aggregert form. Det er berre søkeordet som vert lagra, og dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane, slik som til IP-adressene. 

3. Nyhendebrev
Nettsida kan sende ut nyhendebrev via e-post dersom du har registrert deg for å ta i mot dette. E-postadressa vert lagra i ein eigen database og den vert ikkje delt med andre. E-postadressa vert sletta når du seier opp abonnementet og dersom vi får tilbakemelding om at adressa ikkje er aktiv. Du kan sjølv seie opp abonnementet ved å klikke på ei avmeldingslenke nedst i eit motteke nyhendebrev. 

4. Elektroniske skjema
Nettsida vår har elektroniske kontaktskjema for bestilling og spørsmål. Desse skjema er gjort tilgjengelege for publikum for å utføre dei oppgåver dei er meint å gjere, og vert i praksis sendt inn som ein e-post til VØR med dei opplysningane du sjølv vel å leggje inn. Vi ber om namn og kontaktinformasjon til innsendar, og personopplysningane vi tek i mot vert ikkje nytta til andre føremål enn å svare på meldinga. Meldingar på skjema som krev meir grundig sakshandsaming, eller som er arkivverdig i tråd med arkivlova § 6, vert journalført og registrert på tilhøyrande eigedom. 





Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender