vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(19.08.2016 - Kl. 13.45)

Framtiden i våre hender med 10 tips for ein grønare elektronikk

Bør velje produkt som kan reparerast

Framtiden i våre hender har utarbeidd 10 tips for korleis det er mogleg å få til ein grønare elektronikk:

1. Smått er godt. Det kan vere lurt å velje det minste, lettaste og mest kompakte alternativet. Stort sett vil dei minste produkta vere meir miljøvennlege med omsyn til produksjon, ressursbruk og energiforbruk.

Kan du klare deg med ein smartmobil i staden for eit nettbrett, eit nettbrett i staden for ein bærbar pc, eller ein bærbar pc i staden for ein stasjonær datamaskin, kan du spare klimaet for store mengder med klimagassutslepp.

2. Vel miljømerka. Vidare bør ein velje miljømerka produkt. Den mest miljøvennlege elektronikken sparer planeten for unødvendige miljøgifter, sidan dei er laga av meir resirkulerte materialar og ofte er meir gjerrige på straumen.

3. Kjøp brukt. Miljøorganisasjonen gir råd om å kjøpe brukt, og vidare at ein sel eller gir bort elektronikk som ein sjølv ikkje brukar. Brukt sparer nemleg planeten for miljø- og klimabelastningar til produksjon av nytt utstyr.

4. Bruk reklamasjonsretten. Og så må du bruke reklamasjonsretten din. Mange elektroniske produkt har ei reklamasjonstid på fem år når forventa levetid går utover produsentens garantitid.

Feil på små delar kan over tid føre til at heile dingsen sluttar å fungere, utan at det kjem av feil bruk. Ved å reklamere unngå du nemleg unødvendige innkjøp, og du bidreg til å motivere produsentane til å lage elektronikk som faktisk varer.

5. Følg produsentens råd for rett bruk. Det er klokt å følgje produsentane sine råd for rett bruk. Då varer produktet lenger. Sjå i manualen og sjekk spesielt råd om batteri og lading. Husk at alkaliske batteri som er utlada, kan lekke og øydeleggje utstyret.

6. Må du ha siste modell? Det vert stilt spørsmål om du absolutt må ha siste modell? Fremtiden i våre hender minner om at forskjell i brukaroppleving og faktisk funksjonalitet kan vere liten og ofte mindre enn reklame og ivrige teknologijournalistar gir uttrykk for.

For smarttelefonar har til dømes glaset vorte tynnare og lettare å knuse på få generasjonar, og det er slik at høgare skjermoppløysing og prosessorkjerner brukar meir straum. Vidare vert komponentane stadig meir finurleg integrert, slik at reparasjonar vert stadig dyrare.

7. Vel produkt som kan reparerast. Det vert gitt råd om å velje produkt som kan reparerast. Enkelt utskiftbart batteri og høve til oppgradering kan vere lurt når det gjeld ein del forbrukarelektronikk.

På nettsida ifixit.com vert elektronikk rangert etter i kva grad det er mogleg å få produktet reparert, og her er det spesiell fokus på mobiltelefonar, nettbrett og bærbare datamaskiner.

8. Vær sjølvkritisk. Du må  vere sjølvkritisk. Vurder gjerne kva du faktisk har behov for, kva du meiner vil bli brukt og om behovet kan dekkjast ved å bruke noko du allereie har på ein ny måte.

9. Vurder oppgradering. Eit godt råd er også å vurdere oppgradering. Spesielt datamaskiner kan få eit nytt liv ved å bytte ut einskildelar som minne (ram), grafikk-kort og lagringsmedium.  Ein bør få ein dataverkstad til å vurdere kan som kan gjerast, om ein då ikkje kan gjere jobben sjølv.

10. Etterspør grøne produkt. Heilt til slutt vert folk oppmoda om å etterspørje grøne produkt, altså dei mest miljøvennlege alternativa. Still gjerne også spørsmål direkte til produsenten, og vis at du som kunde er oppteken av dei mest miljøvennlege alternativa.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender