vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(02.01.2017 - Kl. 12.34)

Juletreet kan leverast gratis på miljøstasjonen

Gammal tradisjon: Jula skulle vere slutt 13. dags jul

Det er på tide å tenkje på korleis jula skal ryddast ut av huset. I følgje den eldgamle norske tradisjonen, skulle det vere slutt på jula 13. dags jul, som i år er fredag den 6. januar.

Juletreet kan privatpersonar levere på miljøstasjonen til Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) som ligg bak flyplassen i Hovdebygda. Dette er gratis, på lik linje med hageavfall – og det er nettopp attmed hageavfallet gran- eller furutreet skal leverast.

Men husk å fjerne julelys og anna pynt før du kjem med treet. Juletreet kan heller ikkje leverast med pose eller strømpe på.

Når det gjeld julepapir, skal det i restavfallet. Dei som har så mykje at dei ikkje får plass i avfallsdunken, kan levere julepapiret på miljøstasjonen.

Då vil prisen i dei fleste tilfelle verte 50 kroner, som er minstetakst for leveransar opp til 20 kilo. Kiloprisen på restavfall er frå årsskiftet kr. 2,50.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender