vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Avfallshandsaming


Mykje har skjedd med korleis vi oppfattar og handsamar avfall. Tidlegare handla avfallshandtering stort sett om å samle inn og leggje avfallet på deponi. Avfallet vart rekna som ubrukeleg, kanskje noko ein aller helst skulle få ut av syne. I dag er avfall ei råvare , og som råvarer flest handlar det om å utnytte ressursane best mogleg.  

Hos VØR prøver vi å la mest mogleg gå til materialgjennvinning. Då får avfallet nytt liv i form av nye varer og produkt. Avfallet som ikkje er eigna til gjenvinning, vert sendt til forbrenningsanlegg og brukt til energigjenvinning. Her vert avfallet omgjort til fjernboren varme eller brukt til produksjon av elektrisitet.

Slik handsamar VØR dei ulike typane avfall:

  • Returpapir vert sendt til produksjon av nytt avispapir.
  • Papp vert sendt til produksjon av ny pappemballasje.
  • Drikkekartongar vert sendt til produksjon av konvoluttar, skiljeark osv.
  • Metallemballasje vert brukt til nye hermetikkboksar, syklar osv.
  • Glasemballasje vert brukt til isolasjon, glasbetong, nye flasker, glasopor, murblokker osv.
  • Rein plast vert brukt til å lage ny plast og urein plast går til energigjenvinningsanlegg.
  • Restavfall vert omgjort til fjernboren varme og elektrisitet.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender