vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Sortere farleg avfall


Avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på miljø, menneske og dyr, blir definerte som farlig avfall. Det er viktig at farleg avfall ikke kjem ut i naturen, men blir levert på miljøstasjonen eller mottak, slik at det kan handsamast og prosesserast på ein forsvarleg måte.

Raud boks
I den raude boksa kan du oppbevare farleg avfall og små-elektriske artiklar.

raudboks
                                              
ja-takknei-takk
  • Lyspærer/sparepærer 
  • Olje- og oljeprodukt
  • Røykvarslarar
  • Maling, lim og lakk
  • Mobiltelefonar
  • Hårfønarar
  • Sprayboksar
  • Batteri
  • Kvikksølvtermomter
  • Reingjeringsmiddel
  • Toner og blekkpatronar                                               
  • Restavfall
  • Medisinar (til apoteket)
  • Dynamitt, patroner og fyrverkeri (til politiet)
  • Spikar og skruar
  • Sprøytespissar
  • Tekstilar
  • Syltetøyglas
  • Majonestubar
  • Keramikk
  • Videokassettar
  • Malefiller og tørka malekostar


Boksene kan tømast på miljøstasjonen i Hovdebygda. Det blir også innsamling av desse boksene 2 gonger i året rundt om i kommunane i Volda og Ørsta. 


Større farleg avfall som skal leverast inn til mottak / miljøstasjon er til dømes:

  • Måling, lim og lakk
  • Olje, oljefilter, oljefiller og andre oljehaldige produkt
  • Løysemiddel som white sprite, tynnar, neglelakkfjernar
  • Reingjeringsmiddel som t.d. salmiakk
  • Bilbatteri og andre oppladbare batteri som t.d. knappecellebatteri
  • Trykkimpregnert trevirke (frå feks. terassar)
  • Kreosotimpregnert trevirke (telefonstolpar og jerbanesvillar)
  • Eternitt (asbesthaldig materiale rundt t.d. oljefyrar og frå tak). Må pakkast i 2 lags plast og teipast godt.
  • Isolerglas som innheld farleg avfall
    • Norske isolerglas frå 1965-1975 inneheld PCB
    • Utenlandske glas produserte til og med 1979
    • Isolerglas produserte seinare enn 1975 kan innehalde klorparafinar
    • Merk at glas som er merka med “Thermopane” ikkje inneheld PCB.
  • Golvbelegg (med ftalat)

I tillegg inneheld elektriske- og elektroniske produkt (EE-avfall) farleg avfall. Stoffa er tunge å bryte ned, dei vert lagra lenge i menneske og dyr og er kreftframkallande. Mykje EE-avfall hamnar desverre i restavfallet heime i staden for å verte leverte til forsvarleg mottak. 

1000 kg farleg avfall pr år

Du kan levere inntil 1000 kg farleg avfall pr år kostnadsfritt (dette gjeld for private).

Eksempel på elektroavfall:

  • Kjøleskap og komfyrar
  • TV og radio
  • Datamaskinar, dataspel, mobiltelefonar
  • MP3-spelarar, elektriske tannbørstar, klokker
  • Elektriske leiker og blinkesko
  • Lysrør og sparepærer

Er du i tvil om avfallet ditt er er farleg?


Søk i 

Slik kastar du farleg avfall


All innlevering av farleg avfall frå private hushaldningar er gratis. Farleg avfall skal så langt som råd leverast i originalemballasje eller merkast med innhald. Pass på at flytande farleg avfall er godt emballert. Du kan levere inn farleg avfall på tre måter:

  1. På miljøstasjonen
  2. På innsamling som vi har rundt om i kommunane
  3. Hos forhandlar

Hos forhandlar

EE-avfall kan du også levere tilbake til forhandlar, enten der du kjøpte vara eller til ein annan butikk som sel same type produkt. Du treng med andre ord ikkje å ha kjøpt vara akkurat der du leverer den inn, og forhandlaren treng ikkje å føre akkurat det merket. 

Du treng heller ikkje å kjøpe noko nytt når du leverer. Forhandlarar av elektriske- og elektroniske produkt har plikt til å ta imot EE-avfall gratis.



Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00



Tømekalender