vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Innlevering av kasserte fritidsbåtar til VØR

fritidsbaatar







VØR kan ta i mot kasserte fritidsbåtar under 15 fot (4,57 m). Den som leverer inn fritidsbåten må ha med seg utfylt skjema frå Miljødirektoratet. Foto: Miljødirektoratet



Viktig informasjon ved levering av båtvrak 
1. Publikum skal sjølve ha med seg eit ferdig utfylt papirskjema. 
2. Dette skjemaet er å finne på www.miljodirektoratet.no/fritidsbater
3. VØR signerer skjemaet når dei har teke imot båten. 
4. NB: Mottaket skal ikkje behalde skjemaet. 

Når båten er levert 
1. Ein får utbetalt kr. 1 000 ved å sende inn skjemaet gjennom Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no 
2. Ta bilete eller skann innleveringsskjemaet. Pass på at det er lesbart. 
3. Last opp skjemaet elektronisk som vedlegg til søknaden om «Tilskudd til innlevering av kasserte fritidsbåter» i Miljødirektoratets søknadssenter på nett: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no 
4. Trykk «send». 

Når kjem pengane? 
Sender du skjemaet elektronisk, vil pengane kome innan ein til to månader. Skjema på papir vil ta lengre tid å behandle. 

Spørsmål kan stillast til Miljødirektoratet på telefon 951 23 500 eller på e-post: esshjelp(at)miljodir.no 

Meir informasjon er å finne på: www.miljodirektoratet.no/fritidsbater 


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender