vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Kompostering


Dersom du har kjøpt deg ein varmkompostbinge og komposterer alt matavfallet heile året, kan du ved å gå inn ein avtale om heimekompostering få redusert renovasjonsgebyret. 



Godkjende kompostbingar:
- Bokashi-bøtte, les meir om bøtta her: Bokashi
kompost
- Compostio, les meir om komposteringsmaskina her: Compostio
- Varmkompostbingar

Det går også an å lage ein binge sjølv, då må den godkjennast av VØR på synfaring.

Føresetnader for avtalen:

1. Alt kjøkenavfall og organisk komposterbart avfall (våtorganisk avfall) skal komposterast.
2. Restavfallet skal ikkje innehalde komposterbart materiale, og skal leverast kvar 4. veke.
3. Komposteringa skal drivast heile året.
4. Til komposteringa skal det brukast ein eigna varm-kompostbinge som er typegodkjend, eller
 godkjend av VØR. Det vil seie at den må vere isolert på alle 6 sider og sikra mot til dømes
 gnagarar, kattar, hundar og rev.
5. Avfallet skal sorterast godt, slik at komposten kan nyttast direkte som jordforbetring.
6. I tillegg til kompostbingen skal det vere tilgjengeleg eit lager av strø. Strøet kan vere tørt hageavfall,
 frest/opphakka avfall frå busker og tre, bark, torv, grovt kutterspon eller liknande. For at
 komposten skal verke godt, og for å unngå lukt, skal det blandast strø kvar gong det vert lagt fuktig
 matavfall i komposten. Avfall som kan gje luktulemper som ferskt kjøt, fisk eller rekeskal, skal
 gravast litt ned i komposten.
7. VØR har rett til å føre tilsyn med at komposten fungerer akseptabelt, og kan gje pålegg om
 endringar eller opphøyr dersom avtalen vert broten.

Les meir om kompostering her: Rein jord

Her ligg søknadsskjema: Avtale om heimekompostering

Send det inn pr post eller e-post firmapost(at)vor.no



Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00



Tømekalender