vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Eg skal kaste...





Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender

Nytt søk
Velg type avfall
Plast-emballasjePlast-emballasje
Papp
og papir
Papp og papir
RestavfallRestavfall
Farleg avfallFarleg avfall
Elektrisk og
elektronisk
avfall
Elektrisk og elektronisk avfall
Glas- og metallemballasjeGlas- og metallemballasje
Hushaldnings-
avfall
Hushaldnings-avfall
Drikke-kartongarDrikke-kartongar
AsbestAsbest
Tekstilar
og kle
Tekstilar og kle
HageavfallHageavfall
MetallMetall
TrevirkeTrevirke
Plast-emballasje

Plast-emballasje

Plast er eit oljebasert materiale. Når du leverer rein og tørr plastemballasje til gjenvinning, er du med på å sikre dei viktige og verdifulle råstoffa som blir brukt i produksjon av nye varer. 

Plastemballasjen må vere rein og tørr for å kunne brukast til gjenvinning. Då legg vi også til rette for gode hygieniske forhold for dei som arbeider i gjenvinningskjeda.

Skyl skiten plast i kaldt vatn og la den tørke før levering. Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar - går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet.

Plastemballasjen blir samla inn kvar tredje veke i eigen sekk, saman med papir. Plastsekken skal opp i papirbehaldaren. Vi leverer ut sekkar til plastemballasje èin gong i året. Treng du fleire, bruk bestillingsskjema for plastrullar.

Ja

Plastfolie
Sjampoflasker
Ostepakkar
Rømmebeger
Bæreposar
Vaskemiddelflasker
Kaffeposar
Blomsterpotte i plast
Suppeposar
Potetgullposar
Plastposar

Nei

Hagemøblar (restavfall)
Leiker av plast (restavfall)
Bøtter (restavfall)
Hageslangar (restavfall)
Skiten plast (restavfall)
Kulepennar (restavfall)
Tome oljekanner (restavfall)
Tome malingsspann (restavfall)
Isopor (restavfall pris per kubikk)
 
 
Papp
og papir

Papp
og papir

I papirdunken kan du ha både papp, papir og tome drikkekartongar. Slik blir avfallet ditt til ny papp, papir eller produkt. Pass på at papiret er reint og utan matrestar. 

Drikkekartongar

- Skyl og tørk drikkekartongane
- Merk kartongane med namn og telefonnummer
- Legg kartongane eller kubbane direkte i papirbehaldaren

For å delta i Returkartonglotteriet må kartongen vere merka med namn og telefonnummer. Ein kartong er med i trekninga på 10 000 kr. Dersom du pakkar 6 kartongar i den 7 ande, er du med i trekning både på 10 000 kr og 100 000 kr. Korker kan vere på og kartongane kan gjerne stikke opp. Les meir på Grønt Punkt, Returkartonglotteriet.

Det er viktig å unngå feilsortering. Restavfall i papiret kan øydeleggje kvaliteten på resten av det innsamla papiret. Dersom du er usikker, kastar du papiret i restavfallet. Her er nokre døme på kva som skal og ikkje skal i papirdunken.

Ja

Aviser
Pizzaøskjer
Drikkekartongar
Vekeblad
Bølgepapp
Bøker mjuk perm
Reklametrykksaker
Pappøskjer
Papirark
 
 

Nei

Farleg avfall
Elektrisk avfall
Trevirke
Hageavfall
Tørkepapir
Matpapir (restavfall)
Suppeposar (restavfall/plast)
Gåvepapir (restavfall)
Julepapir (restavfall)
Bøker hard perm (restavfall)
Tørkepapir (restavfall)
Restavfall

Restavfall

Restavfall er det du sit att med etter at du har sortert. Døme på kva type restavfall du kan levere på miljøstasjonen ser du under.

Ja

Sofa
Harde leiker
Keramikk
Porselen
Hagemøblar i plast
Eldfaste former
Gips
Isolasjon
Tapet
Tome målingsspann plast
Julepapir
Gåvepapir
Asfaltplater
Bildekk med felg
Bøker med stiv perm
Barnesete
Drikkeglas
Fliser
Eingongsgrillar
Golvbelegg
Huntonitplater

Nei

Mjuke leiker (tekstilar/kle)
Hagemøblar i tre (trevirke)
Tome målingsspann metall (metall)
Bildekk utan felg (gummi)
Bøker mjuk perm (papir)
Sykkel (metall)
Barnevogn (metall)
Bilsete (metall)
Parkett (trevirke)
Tarkett (trevirke)
Badekar (metall)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Farleg avfall

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøskadelege stoff, og må difor ikkje blandast saman med anna type avfall. Farleg avfall er avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på menneske og dyr dersom det kjem ut i naturen. 

Ja

Måling
Spillolje
Løysemiddel
Spraybokser
Bilbatteri
Brannslukkingsapparat
Beis
Bilpleiemiddel
Golvbelegg m/ftalatar
Asbest
Impregnert trevirke
Kjemikaliar
Sparepære
Lysrør
Reingjeringsmiddel
Vindauge PCB og klorparfin
Vindauge/dør med bly
Sprayflaske

Nei

Tome malingsspann plast (restavfall)
Tome malingsspann metall (restavfall)
Målefiller (restavfall)
Tørka målarkostar (restavfall)
Videokassettar (restavfall)
Sement (restavfall)
Asfaltplater (restavfall)
Asfaltpapp (restavfall)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Elektrisk og
elektronisk
avfall

Elektrisk og
elektronisk
avfall

Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) inneheld miljøgifter og må difor handsamast på ein forsvarleg måte. Alt som har ledning eller batteri er EE-avfall. EE-avfall frå private hushaldningar kan leverast gratis på miljøstasjonen eller hjå næraste butikk som sel slike artiklar.

Ja

Batteri
Lamper
CD-spelar
Klokke
Hårfønar
Mobiltelefon
Datautstyr
Røykvarslar
Kjøkenmaskin
Kjøleskap
Frysar
Steikeomn
Mikrobølgeomn
Oppvaskmaskin
Vaskemaskin
Tørketrommel
Varmeomn
Varmepumpe
Lysrør
Blinkesko
Leiker med batteri

Nei

Bilbatteri (farleg avfall)
Bildelar (metall)
CD/DVD (restavfall)
Gassgrill (metall)
Spraybokser (farleg avfall)
Varmtvasstank (metall)
Toner og blekk (farleg avfall)
Sparepærer (farleg avfall)
Termomter kvikksølv (farleg avfall)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Glas- og metallemballasje

Glas- og metallemballasje

Glas- og metallemballasje skal reingjerast og tørkast. Ta av korkar og lok og skyl glaset og metallemballasjen i kaldt vatn. 

Glas og metallemballasje kan leggjast i behaldarar som står utplassert på miljøstasjonen i Hovdebygda, og ved nokre butikkar i Ørsta og Volda.

I Ørsta:
Barstadvik – ved butikken
Vartdal – ved butikken
Urke – ved butikken

I Volda:
Lauvstad - ved butikken
Steinsvik - ved skulen
Folkestad - ved butikken
Bjørkedal - på Løset
Rotset – ved Coop Prix
Kårstadvegen - ved Spar

Merk at det berre er emballasje av glas og metall som skal i desse containerane. Sjå under kva type glas og metall som er emballasje og kva som ikkje skal i containerane. Glas- og metallemballasjen skal leggast laust ned i behaldaren, den skal ikkje pakkast inn i plastsekkar.

Ja

Glasflasker
Kosmetikkglas
Vin- og spritflasker
Syltetyglas
Hermetikkboksar
Metall-lok og -korker

Nei

Eldfaste former (restavfall)
Vindauge (restavfall/farleg avfall)
Spikar (metall)
Drikkeglas (restavfall)
Porselen (restavfall)
Keramikk (restavfall)
Hushaldnings-
avfall

Hushaldnings-
avfall

Hushaldningsavfall er det du sit att med etter at du har sortert papp, papir, glas- og metallemballasje og plastemballasje. Døme på kva type avfall du kan ha i avfallsbehaldaren ser du under:

Ja

Matrestar
Hundeposar
Bleier
Skiten plast
Skiten papp og papir

Nei

Farleg avfall
Trevirke
Hageavfall
Elektronisk avfall
 
Drikke-kartongar

Drikke-kartongar

Drikkekartongar vert samla inn kvar tredje veke, saman med papp og papir. Slik gjer du det:

- Skyl og tørk drikkekartongane
- Merk kartongane med namn og telefonnummer
- Legg kartongane eller kubbane direkte i papirbehaldaren

For å delta i Returkartonglotteriet må kartongen vere merka med namn og telefonnummer. Ein kartong er med i trekninga på 10 000 kr. Dersom du pakkar 6 kartongar i den 7 ande, er du med i trekning både på 10 000 kr og 100 000 kr. Korker kan vere på og kartongane kan gjerne stikke opp. Les meir på Grønt Punkt, Returkartonglotteriet.

Ja

Mjølkekartongar
Juicekartongar
Drikkeyoghurtkartongar

Nei

 
 
 
Asbest

Asbest

Vi tek i mot asbest frå privat hushaldningar kostnadsfritt på miljøstasjonen. Av omsyn til det miljøfarlege støvet er det strenge reglar for levering/mottak. Asbesten skal pakkast i 2-lags plast (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast). 

Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut. Dersom det er større mengder med asbest, må det pakkast på ein pall. Lasset bør ikkje vere meir enn 1 meter høgt. Pallar får du på miljøstasjonen.
Tekstilar
og kle

Tekstilar
og kle

Leverer du kle og tekstilar til UFF og Fretex, er du med på å redusere mengda restavfall samt bidra til målretta humanitært arbeid. Du kan også ta kontakt med NMS Gjenbruk i Ørsta og Volda og høyre om dei vil ta i mot kleda. 

Kvaliteteten på det du leverer er ikkje avgjerande for nytteverdien.Det er viktig at tekstilane er reine og tørre. Det som ikkje går til ombruk, blir sendt til materialgjenvinning. Slitte tekstilar/kle kan bli til filleryer og tørkefiller.

Ja

Kle
Små tepper
Puter
Handkle
Sko
Dyner
Sengety
Dukar
Belte
Smykke o.l.
Mjuke leiker
Gardiner

Nei

Skitne tekstilar/kle (restavfall)
Våte tekstilar/kle (restavfall)
Store tepper (restavfall)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Hageavfall

Hageavfall

Du kan levere hageavfall kostnadsfritt til miljøstasjonen heile året. Hugs å tøme hageavfallet ut av sekkane ved levering, hageavfallet må ikkje blandast med plast. Du finn dunkar for sekkane ved hageavfallet. 

Hugs å sikre lasta på veg til miljøstasjonen. Du kan låne hengar for levering av hageavfall og anna avfall med oss.

Ja

Greiner og kvistar
Jord
Lauv
Mose
Gras
Kutterflis
Røter
Nedfallsfrukt

Nei

Stein (leverast i hallen)
Grus (leverast i hallen)
Hageavfall i sekkar
 
 
 
 
 
Metall

Metall

Du kan levere alt av metall (feks aluminium, kopar, jarn) til miljøstasjonen. Dette er kostnadsfritt. Vi har ein eigen container i hallen til metall. Har du lange metalldelar eller veldig tunge gjenstandar, ta kontakt i vektbuda for tilvist plass til dette.

Ja

Bildelar
Syklar
Barnevogner
Badekar
Varmtvasstankar
Vask metall
Telys metall

Nei

Varmepumpe (metall)
Toalett (restavfall
eigen container)
Vask porselen (restavfall
eigen container)
Telys plast (restavfall)
 
Trevirke

Trevirke

Vi tek i mot trevirke på miljøstasjonen. Sjølv om det er mala eller har spiker i, går det som trevirke. Merk at trykkimpregnert trevirke skal i eigen container. Reint trevirke tek vi ei avgift for.

Ja

Trevirke med spiker
Trevirke som er mala
Trevirke som er beisa
Pallar og europallar
Parkett
Tarkett
Dører med handtak og hengsler

Nei

Dør med glas i (restavfall)
Reol med glas i (restavfall)
Huntonitplater (restavfall)
Baderomsplater (restavfall)
Golvbelegg (restavfall)