Fire gongar i året trekk vi i VØR ut kartongar med namn og telefonnummer frå papir og papp som blir samla inn i kommunane Ørsta og Volda. Ved siste trekning fekk vi endeleg ein vinnar frå området igjen – og denne gongen var det Jenny Caroline Clausen frå Ørsta som stakk av med premien.
Vinteren er komen, og med snø og glatt føre kan både brøyting og renovasjon bli utfordrande. For at vi og brøytemannskapet skal kunne utføre arbeidet effektivt og trygt, treng vi litt hjelp. Med nokre enkle grep kan vi saman sørgje for at renovasjonen går som normalt – sjølv når vinteren viser seg frå si mest krevjande side.
Fredag 31. oktober var det møte i representantskapet. Representantskapet til VØR handsama mellom anna strategi- og handlingsplan, budsjett og økonomiplan for åra framover.