Haustens aksjon for innsamling av farleg avfall går føre seg i Ørsta og Volda i veke 40 og 41. I vår var det godt oppmøte i dei ulike bygdene, då blei det samla inn heile 7010 kg med farleg avfall til saman. Farleg avfall aksjonen er eit tilbod for innbyggjarane ute i periferien i Volda og Ørsta der dei kan levere farleg avfall på ein trygg og forsvarleg måte. I veke 40 blir det gjennomført innsamling på bygdene i Ørsta, medan innsamlinga i veke 41 går føre seg på bygdene i Volda.
I august og september vert årets bygderydding gjennomført i Volda. Tiltaket er eit samarbeid mellom VØR og Retura Søre Sunnmøre, og gir innbyggjarane høve til å levere metall og elektrisk avfall på ein enkel og miljøvennleg måte.
VØR vil dei komande åra vidareutvikle avfallstenestene for innbyggjarar som bur med lang avstand til miljøstasjonen i Hovdebygda. Målet er å skape meir funksjonelle og framtidsretta løysingar for abonnentar i desentraliserte område, samstundes som ein sikrar meir likebehandling på tvers av eigarkommunane.
Fredag 20. mars starta det å brenne i restavfallet ved VØR sitt anlegg på Melsgjerdet. Brannen vart truleg utløyst av eit batteri som har blitt kasta saman med restavfallet. Dette er ei viktig påminning om kor viktig det er å sortere batteri rett.