Krava til hytte- og fritidsrenovasjon i Noreg har blitt skjerpa. Det er no eit krav at det skal leggast til rette for kjeldesortering – ikkje berre der vi bur, men også ved fritidsbustadane våre. For å få til ei tenleg løysing som både held kostnadane nede og samstundes stettar krava, legg VØR no til rette for kjeldesortering på tre nye plassar. Les meir om endringane her: Hytte og fritidshus
I mai gjekk det første lasset med hushaldningsplast frå VØR ut frå Melsgjerdet – med kurs for det nye nasjonale finsorteringsanlegget på Områ i Indre Østfold. For første gong blir plasten frå hushaldningane i kommunane Volda og Ørsta sendt til finsortering i Noreg, og ikkje til Tyskland som tidlegare.
Årsrapporten for 2024 vart vedteken av representantskapet i Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) i slutten av april. Rapporten gir eit samla bilete av drifta det siste året, med oversikt over nøkkeltal, utfordringar og prioriteringar framover