VØR har i løpet av 2024 delteke i ei nasjonal benchmarking for renovasjonsselskap, der vi har samanlikna oss med andre aktørar i bransjen. Totalt 23 kommunale avfallsselskap deltok i årets benchmarking. Resultata viser at VØR, saman med Sirkula i Innlandet, er best på miljøstandard.
I dei to komande vekene vert det arrangert innsamling av farleg avfall rundt om på bygdene i kommunane våre Volda og Ørsta. Vi ser fram til å møte mange av kundane våre ute og ikkje minst få samla inn farleg avfall på ein trygg og forsvarleg måte.